Dette er ein tur lett tur for alle innerst i Tresfjorden. Du kan besøke den flotte kyrkja frå 1828, og i enden av turen ligger paviljongen på eit utkikkspunkt på 50 m.o.h. Den ligger inne på området til Tresfjord museum med 10 bygninger. Her er det mange plasser for å ta ein kvil og ein kaffekopp.
Turen starter frå Spar butikken, der kan du parkere. Så går du ned til Tresfjordvegen og tar gangveien over elva,Tressa, retning Vikebukt. Denne følger du til krysset og tar av til høgre og inn på Øvstedalsvegen. Tresfjord kyrkje ser du til venstre eit par hundre meter lenger langs Tresfjordvegen mot Vikebukt. Du spaserer vider oppover Øvstedalsvegen og passerer Tresfjord Ungdomshus, som ligger på høgre side. Forsett rundt svingen til du ser skiltet med Tresfjord Museum (Øvstdalsvegen 89) og tar av opp grusvegen til venstre og kommer inn på museumsområdet. Du ser paviljongen oppe på Steinhaugen oppe til høgre. Grusvegen fortsetter opp bakken til paviljongen - her er det fin utsikt.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 3 |