English

Tjønnebru frå Sætrevika

Ålesund

Kort om turen

Tjønnebrua krysser elva mellom Mevatnet og Akslevollvatnet og er ein del av den nyaste løypa i Svartløkområdet. Løypa frå Sætrevika (Fylling) går i jevn stigning opp til Steinsetsætra, deretter litt småkupert før ein renn ned til brua.

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen i starten av sætrevegen. Løypa følger vegen til Steinsetsætra opp til første krysset der ein held til venstre og vidare opp til Steinsetsætra som er løypas høgaste punkt. Rett etter sætra kjem ein til eit nytt løypekryss der ein tek til høgre. Litt småkupert terreng før nedoverbakkane ned til Tjønnebrua startar. Ein kan gå same vegen tilbake eller gå rundt Mevatnet og komme tilbake til Steinsetsætra.

Tilkomst og parkering

Kjør til Skodje sentrum og ta av mot Engesetdalen. Det er offentleg parkeringsplass ved Engesetdalsvegen i Sætrevika på Fylling, omlag 3 km frå Skodje sentrum. Det er ikkje parkeringsavgift.
Skitur
Blå løype
Lengde
4,86 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
216 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 4.86

Offentleg transport

Buss nr 238 går frå Skodje sentrum gjennom Engesetdalen. Sjekk rute på frammr.no
Køyreskildring
Print ut