English

Sunnmørslauparen

Ålesund

Kort om turen

Ein lang og variert tur. Du går først over myrer, så gjennom tett fjellbjørkeskog. Vidare oppover ein stadig smalare rygg før du går over steinura og opp til det flate toppområdet med vid utsikt i alle retningar.

Ruteskildring

Turen er godt skilta og merka frå parkeringa på Grytalisetra og heilt til toppen. Du følgjer stien mot Grytavatnet til du har kryssa ei elv og gått vidare opp nokre bakkar. Ta av til venstre ved skiltet mot Sunnmørslauparen og Blåfjellet. Du passerer Heivatna på sørsida. No ser du Sunnmørslauparen eller Sunnmørslauparlægda som fjellet også er kalla, rett i aust. Ryggen opp er stort sett grei å gå, men eit kortare parti kan opplevast som luftig. Her er det set opp ein kjetting. Etter dette blir ryggen breiare, tildels er det grov ur før du kjem opp på det store, flate toppområdet. Her er det to vardar, besøk gjerne begge så får du utsikt over eit stort område. Frå toppområdet ser du vestover Vaksvika og ut Storfjorden mot øyane. I sør ligg Grytavatnet omkransa av Fremste Skorkja, Storbotnshornet og Svartvassegga. I aust dominerer Lauparen. Mot nord ser du ut Tresfjorden mot Molde. Returen kan du ta same veg, men det er også fint å gjere dette til ein rundtur der du følgjer nordvestryggen på fjellet ned att. Ura er bratt, men ikkje spesielt vanskeleg å gå i. Her slepp du luftige parti.

Tilkomst og parkering

Ta av frå riksveg 650 mellom Sjøholt og Stordal, i Vaksvika. Etter ca 5,5 km kjem du eit kryss der bomvegen til Grytalisetra tek av. God parkeringsplass på Grytalisetra.

Fottur
Svart
Lengde
6,80 km en vei
Stigning
870 m
Tidsbruk
4 t. 50 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1253 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 5,5
Ingen sti 1,3

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant
Køyreskildring
Print ut