English

Stavekollen på Ikornnes - 685 m.o.h

Sykkylven

Kort om turen

Turen til Stavekollen er flott og gir god utsikt over deler av Sykkylven, samt utover mot øyane og Ålesund. Turen er spennande frå rås i skog, langs elv oppover Kalddalen og vidare forbi tregrensa opp mot toppen. Turen er ikkje trillevenleg.

Ruteskildring

Frå parkeringsplass går du litt nedover grusvegen igjen og finn råsa/vegen mot Stavekollen ved skilt mot høgre.

Gå deretter etter denne skogsvegen til endes og følg deretter råsa vidare oppover dalen, merka heilt til Stavekollen.

 

Tilkomst og parkering

På Ikornnes:Ta av ved fylkesvegen ved Sykkylvsbrua, og køyr mot Ikornnes kirke. Forbi kirka og køyr oppover byggefeltet nesten til endes. Følg skilta mot Stavekollen, følg grusveg oppover dalen og parker ved stor parkeringsplass ved vassverket .

Fottur
Blå
Lengde
2,89 km en vei
Stigning
516 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
699 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 2,5

Anna

Oppe i dalen ligg Kalddalsvatnet eit stykke ifrå råsa. Dette er drikkevasskjelde og vi ber om at det blir vist omsyn til dette, og at ingen camper eller badar her.

Køyreskildring
Print ut