English

Skodjestølen

Ålesund

Kort om turen

 Tur langs grusveg til Skodjestølen gjennom fine skogsområde.

Ruteskildring

Følg god grusvegen opp gjennom bakkane i flott skogsområde til du kjem til eit kryss. Fortset rett fram. Her er det skilta til Skodjestølen. I området frå krysset og opp mot stølen kan du i månadskiftet juni/juli finne både Skogmarihand, Flekkmarihand og nattfiol som alle er flotte orkidéar.

Framme på Stølen er det benkar og eit koseleg uteområde ved dei gamle sela.

Turen er også fin å kombinere med Apalvikstølen. Det går sti vidare dit.

Tilkomst og parkering

Ta av opp til Engsetdalen i sentrum av Skodje. Køyr forbi kyrkja og vidare innover til du møter ein stor parkeringsplass. Parker her.
Fottur
Grønn
Lengde
1,63 km en vei
Stigning
153 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
203 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,3

Offentleg transport

Nei

Kart

Ålesund
Køyreskildring
Print ut