English

Rysstallvatnet - 4H-hytta på Heidane

Vanylven

Kort om turen

Fin tur med noko stigning. Starten av turen turen går på turveg medan den siste delen er i terreng. 

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen i Sandnesdalen. Etter å ha passert Gullidvatnet går ein dalen heilt til endes på turveg til Kleiva som er det aller høgste punktet på turvegen. Her ligg en fantastisk ny og fin gapahuk som kan nyttast av alle. Her får du fin utsikt over Kvandalen og Golida. Ein tek til høgre etter gapahuken og fylgjer ryggen mot nord. Dette er samme rute som mot Bjørlykkehornet.  Dette partiet er ganske bratt og det mest krevande på turen. Etter kvart går ryggen over i åpnare og slakare landskap. Etterkkvart kjem ein opp til Rystallvatnet 629 m.o.h. der ein finn 4H hyttene. Begge desse hyttene er opne og kan brukast av turfolk. (Allereie 300 meter etter parkeringsplassen er det skilta ei alternativ kortare og brattare rute til Rystallvatnet og 4H-hyttene.)

Dette er eit fint utgangspunkt for å ta turen vidare mot Koftehornet og Bjørlykkehornet.

Tilkomst og parkering

Turen som er beskriven startar ved Sandnessætra. For å kome til startpunktet på Sandnessætra tek ein av frå riksvegen på Sandnes. Krysset på Sandnes ligg 3,2 km sør for fergekaia på Koparneset og 3,5 km nord for riksvegkrysset på Eidså.. Du køyrer opp Sandnesdalen til enden av vegen, dette er bomveg, 50 kr for ein tur eller du kan kjøpe årskort for 500 kr. Gratis parkering ved enden av vegen.

Fottur
Blå
Lengde
2,63 km en vei
Stigning
324 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Sommer
Høyeste punkt
632 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Betalingsmiddel for bomvei

50kr for parkering ved Sandnessætra
Køyreskildring
Print ut