Fin tur som mange barn også kan mestre. Fra topplatået er det ein fantastisk utsikt over fjorder, fjell og hav.
Fra parkeringsplassen er det merket sti til høgre (vestover) rett etter ferista og denne følger ein fram til varden på Hesten. Første del av turen går i vekslende vegetasjon med skog og litt myr. Etter omtrent 1 km er det slutt på skogen og fjellterreng overtar. Langs stien er det fine kvileplasser. Når vi kommer opp til varden ytterst på platået er det ein fantastisk utsikt som møter oss.
Rekdal ligg ved fylkesveg 661. Fra Sunnmøre kan du komme dit ved å kjøre til Vatne og derifra enten kjøre rundt Vestrefjorden eller over Nakkedalen via Fiksdal. Fra Vestnes via Tomrefjord og Fiksdal langs fjorden til Rekdal. Omtrent midt i bygda går det ein veg opp til Fotballbanen og videre til setra. Skilt på lysstolpe i krysset. Etter at ein har passert fotballbana kommer ein til ein bom. Herifra er det bomvei kr 30, der en kan nytte Vipps, fram til gratis parkeringsplass ved setra. Vil du slippe betaling kan ein parkere gratis ved idrettslaget sin parkeringsplassen ved bomstasjonen og gå dei omlag 2,5 km ekstra. Her ved bommen er det også satt opp eit turkart over Rekdalsmarka.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 6 |
Ein tur til Rekdalshesten har lang tradisjon blant bygdefolket, det er beskrevet slike fellesturar for mer enn 100 år sidan. Ein sommardag var det vanleg å samle seg til "Hestegange". Etter ein del år utan denne tradisjonen så vart den på 1970-talet tatt opp igjen av Rekdal Idrettslag, og den 1. søndagen etter jonsok er det Hestegange for små og store. Rekdalshesten med sin karakteristiske form var eit viktig landmerke for dei som ferdast på havet. Både for å finne heim, og som me for å finne fisk