Nydeleg skitur langs nordleg del av Nysætervatnet, opne sletter og fine furulundar. Finare måneskinstur skal du leite lenge etter.
Turmålet ligg ved løypetraseen til den store fjellseterrunden. Posten ligg på nordsida av vatnet, så frå skistadion tek du til venstre innover spora med vatnet på høgre side. Du kan og gå motsatt side, da blir turen lengre men du passerer målet på veg tilbake til skistadion. Dette ved parkering Sætrelia eller ved skistadion. Alternativt er å parkere ved Fausaskiftet og gå søraustleg retning langs spora.