English

Murvika - Vågen i Skodje

Ålesund

Kort om turen

Med start i Murvika padler ein langs land til Vågen. Det er relativt skjerma farvatn og fin fjøre heile vegen. Nokre stader med opparbeida nye og eldre naustrekker.  

Ruteskildring

Frå parkeringa ved Murvika må du bere kajakkane 20-30 meter ned til sjøen. Badeplassen i Murvika er tilrettelagt med bålplasser og benk med tak, grasmarker og toalett. Følg langs land austover. Det er relativt skjerma farvatn og fin fjøre som er enkel å gå i land på langs heile ruta. Eit parti langs fjøra har oppbygd naustmiljø. Vågen ligg lengst i aust

Tilkomst og parkering

Køyr til Skodje sentrum. Kjem du frå Skodjebruene køyre du forbi Gomerhuset og skulane og følgjer skilting til Murvika. Ein køyrer Nedreskodjevegen og vidare på grusveg på Murvikvegen. Det er skilta gjennomkøyring forbudt på Nedreskodjevegen, men det gjeld ikkje traffikk til badeplassen i Murvika! Det er stor tilrettelagt parkeringsplass ved Murvika friluftsområde
Padletur
Hvit
Lengde
1,61 km en vei
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Beskrivelse av sjøforhold

Denne ruta går i indre del av Skodjevika og berre eksponert med evt bølgjer og vind frå sørvest som då blir pålandsvind på denne strekninga.

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut