English

Mosvarden frå Rise

Hareid

Kort om turen

Turen frå Rise opp til Mosvarden gjev eit variert terreng, med litt gardsveg først, så ein skogsveg opp til tregrensa, for så å følge stien forbi Risesetera til Mosvarden.

Frå Mosvarden vil du ha utsikt mot Runde i vest, Stadt i syd, Brørene i nord og  mot Sunnmørsalpane i aust

Ruteskildring

Frå parkeringa gjeng ein tilbake på gangvegen til den gardsvegen som er merka med "Rise blvd" og fylgjer vegen over marka og til høgre etter første hus, så til venstre oppover ved det andre huset. Herifrå gjeng skogsvegen heilt opp til tregrensa, også kalt "Linja".

Frå Linja fylgjer du stien som byrjar rett etter steingarden. Herfrå er det sti med nokre myrområder undervegs.

Du vil passere ganske nært Risesetra, mellom hyttene, men det gjeng an å halde litt avstand til man finn igjen stien rett ovanfor setra.

Frå det punktet der stien gjeng nord-austover kan man, på tørre fine dagar, krysse rett oppover mot Mosvarden, men det kan også verte ein våt opplevelse hvis det ikkje er heilt tørt i marka.

 

Tilkomst og parkering

Det er merka med parkering ved vegen, men parkeringa er tilrettelagt ca 100m framover frå skiltet, rett etter elva, ovanfor gangvegen.
Fottur
Blå
Lengde
3,80 km en vei
Stigning
484 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
550 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,5
Grus 1,5
Sti 3

Offentleg transport

Det er busstopp rett nedenfor parkeringsplassen, på begge sider av vegen

Anna

Det er en rasteplass rett før brua ved skogsveien, nesten halvvegs opp til tregrensa.
Køyreskildring
Print ut