English

Melshornet frå Klatrevegen i Bratteberg

Volda

Kort om turen

Melshornet er nok det mest besøkte turmålet i Volda/Ørsta. Hit kan ein gå både sommar og vinter. Det er lett tilgjengelig og har fleire utgangspunkt. Denne ruta er ei ny rute som er godt merka heilt i frå Klatrevegen. Utsikt frå Melshornet er super!

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen i enden av Klatrevegen. Skilt og merking viser veg. Etter eit lite stykke kryssar du skogsvegen som går mellom skisenteret og høgdebassenget. Skilt viser veg vidare. Ruta er merka heile vegen til topps både med skilt, merkepinnar som heng i trea og pålar som er slått ned i bakken. Stien er også tydeleg. Du må rekne med nokre våte område særleg i den nedre delen av turen.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum: Køyr E39 i retning mot Stryn. Etter omlag 1 km kjem du til ei rundkøyring. Køyr rett fram på Vikebygdvegen i 1 km. Ta av opp Bakkelidvegen, så Hjellbakkane, Bjørnevegen og til slutt Klatrevegen. Ta av til venstre og opp til parkeringsplass der Klatrevegen deler seg heilt i enden. Frå rundkjøringa til parkeringsplassen, er det om lag 4 km. Turen startar i skogen på oppsida av parkeringspalssen. Sjå etter skilt.

Fottur
Blå
Lengde
6 km tur/retur
Stigning
563 m
Tidsbruk
3 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
798 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6

Offentleg transport

Det går buss til Bratteberg frå sentrum (frammr.no). Mange vel også å gå eller sykle til start.

Kart

Nærturkart Volda (til sals på Intersport og Norli i Volda)
Køyreskildring
Print ut