Denne turen passar for dei fleste. Startat på skogsveg opp til Alskleiva. Derifrå er det skilta mot Ulsettua til venstre. Her går råsa i tett natur, med lauvskog. Det er også tau eit par plassar ved Grøtnakken der det kan vere litt klatrete. Men ikkje ein vanskelig tur. Flott utsikt når ein kjem opp, og vel verdt turen.
Turen startar ved parkeringsplassen framme på Holesanden. Du går til venstre, opp langs asfaltert veg til du kjem til krysset, og her tar du av mot venstre på grusveg. På venstre side har du gamle Snipsøyr skule, som i si tid var eit staseleg og viktig bygg. Du går gjennom eit par gardstun, og så vidare på skogsveg. Her er det skilta med turar til Ulsettua, Korshamna, Kvamstua og Blåtinden. Du skal gå mot Ulsettua. Du finn sittebenkar langs vegen. Turen går i variert lauvskog, med stor planterikdom. Når du kjem opp til Almekleiva, er det skilta rås vidare mot Ulsettua. Eit par plassar er det lagt ut tau, som det kan vere fint å holde seg i når det blir litt bratt ved Grøtnakken. Desse partia er korte og inne i lauvskogen. Det første toppunktet du kjem til på toppen av ryggen er Litletua. Har du tid og krefter kan du jo fortsette bortover ryggen til Ulsettua.
Om du starter fra Hareid sentrum, køyrer du fram Hareidsvegen ca 4 km(mot Ulsteinvik). Når du kjem til Bigset, tar du av til venstre, der det er skilta mot Kvammen, 6 km. Du køyrer heilt til enden av Snipsøyrvatnet, og tar til venstre i krysset. Ca 300 m etter krysset kjem du til Holesanden. Her er det offentlig parkeringsplass på høgre side av vegen, med god plass til mange biler, sikkert 20 om ikkje fleire. Turen starter her.
| Underlag | Lengde i km |
|---|---|
| Grus | 2 |
| Sti | 4 |