Turen til Lisjesanden brygge er kort og veldig koseleg. Omkransa av kvasse tindar i alle retningar. Flott tillaga brygge og gapahuk med muligheit for grilling. Toalett. Sandstrand. Trillevenleg grusveg langs vatnet.
Turvegen bortover mot Lisjesanden brygge går ned bak kioskbygget ved stadion og parkeringsplassen - nordenden av bana. Følg denne vegen nedover dalen litt før den dreier mot høgre. Etter ca 800 meter er du framme med brygga og turkassa.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 1,2 |