English

Koppen i Velledalen - 522 m.o.h

Sykkylven

Kort om turen

Turen til Koppen har jamn stigning oppetter dalen. Frå skogsvegen startar råsa der det heng ein kopp i treet :)

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved fylkesvegen går ein nordaust etter skogsveg rett fram til du ser skilting mot Koppen . Deretter startar tydeleg rås opp til venstre. Det heng nettopp ein kopp i treet ved starten av råsa. Ganske bratt rås omtrent heile vegen. Oppe ved turkassa er det opent landskap med utsikt motDravlausegga og Dravlausnykjen til venstre, Botnen og Langenesvatnet nordvestover, og Urfjellet til høgre. Turen er ikkje trillevenleg.

Tilkomst og parkering

Ved fylkesvegen på Hjorthol i Velledalen, er det laga til ein stor parkeringsplass på oppsida av vegen. Lett å sjå då mykje tømmer er tatt ned i dette området rundtom.

Fottur
Blå
Lengde
1,85 km en vei
Stigning
452 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
523 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,85
Køyreskildring
Print ut