English

Hjartebenken

Ørsta

Kort om turen

Utsiktspunktet Hjartebenken er ein lett tilgjengeleg tur, også om vinteren. Dette er ein god stad å ta flotte bilete frå, og stien er lett å finne. Den passar godt for både små og store. Turen opp til Hjartebenken kan også gjerast etter at det har blitt mørkt, då det er lysstolpar nesten heilt opp. 

 

Ruteskildring

Frå familieparken Kapteinkvia går du oppover på vegen til vassverket og «skogaløa». Dette er den same vegen som til Gunnarråsa, og også til Dalegubben. Skiltet til Hjartebenken er godt synleg til høgre når ein går oppover frå vassverket. Hjartebenken er plassert ytst på ras/fonnvernet som vart bygd på slutten av 1980-talet.

Turen gjev høve til å ta fantastiske bilete av fjorden, fjella og anna ein kan undre seg over i naturen. Det å ta innover seg den flotte utsikta over Hjørundfjorden med dei storslegne fjella rundt: Saksa i aust, Slogen ruvande i sør-aust, Jakta rett i mot, og med Dalegubben i ryggen, er mektig. 

Tilkomst og parkering

Følg fylkesveg 655 til Sæbø. Om du ynskjer å gå gjennom Sæbø sentrum, er det eit godt alternativ å parkere bilen ved småbåthamna. Alternativt kan bilen setjast i Sæbø sentrum, til dømes i området framfor reinseanlegget. Gåturen gjennom landsbyen vil ta mindre enn fem minutt. Når du har passert ferjekaia, tek du andre veg til venstre inn på Kvievegen, og går oppover til du ser den fine familieparken Kapteinkvia på høgre hand. Dette er startpunktet for denne koselege turen.

Fottur
Grønn
Lengde
0,43 km en vei
Stigning
73 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
82 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Busselskapet Fram køyrer mellom Ørsta og Sæbø på vanlege kvardagar, sjå nettstaden deira for meir informasjon: https://www.frammr.no/
Køyreskildring
Print ut