English

Gunnarråsa (til Fredbua)

Ørsta

Kort om turen

Gunnarråsa er ein fantastisk tur som raskt gjev nydeleg utsyn over Hjørundfjorden og dei storslegne fjella rundt. Stien er lett tilgjengeleg frå Sæbø sentrum og passar godt både som trimtur og koseleg familietur året rundt. 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Kapteinkvia i Kvievegen går ein opp til fonnvernet. Der er det godt skilta mot "Gunnarråsa", og stien held fram på venstre side av fonnvernet. Her passerer ein også skiltet opp til utsiktspunktet  "Hjartebenken". Vidare kryssar stien den nye anleggsvegen og den nybygde gapahuken (med vedovn). Så held stien fram oppover gjennom både ope landskap og variert skogsterreng. Det er ingen beitedyr eller gjerder på stien. Du veit at du har nådd toppen av Gunnarråsa når du ser merkesteinen (370 moh), gapahuken Fredbua, hengekøya og huska. Her kan du ta flotte bilete, unne deg ein velfortent pause, og nyte den storslegne utsikta over Hjørundfjorden og Sæbø. Omkransa av fjell som Saksa i aust, Slogen ruvande i sør-aust, Jakta rett i mot, og med Dalegubben i ryggen, er utsynet frå 370 moh mektig. Det er mogeleg å overnatte der, og dersom ein ynskjer kan ein fortsette opp på Dalegubben. 

Tilkomst og parkering

Følg fylkesveg 655 til Sæbø, køyr forbi ferjekaia og vel 2. avkøyring til venstre inn på Kvievegen, og køyr opp slik at du ser "familieparken" Kapteinkvia på høgre hand. Der er det ein liten parkeringsplass med plass til omlag 5 bilar. Elles kan ein parkere i Sæbø sentrum.

Fottur
Blå
Lengde
1,38 km en vei
Stigning
370 m
Tidsbruk
45-60 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
370 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Det går buss til Sæbø sentrum frå Ørsta, https://frammr.no Om ein kjem frå Urke/Øye, går det ferje frå Leknes til Sæbø.

Lenke til turskildring

http://www.hjorundfjord.no/?komponent=statisk&statisk_id=210. Sjå #Gunnarråsa på Facebook og Instagram for fleire bilete.
Køyreskildring
Print ut