English

Gótene, Flø (Hokksteinen)

Ulstein

Kort om turen

Enkel tur i flott natur utmed havet i eit rikt kulturhistorisk landskap. Turen passar godt for barnefamiliar, og kan også gjennomførast med barnevogn og rullestol. Turen til enden av grusvegen og tilbake tek kring ein halv time og går mellom beite- og slåttemark.

Ruteskildring

Du startar ved enden av fylkesveg 25 på ytre Flø i Ulstein. Gruslagt veg i nordaustleg retning i flatt terreng ut mot Gotene. Etter om lag 1,5 kilometer sluttar grusvegen og ein kjem til ein port og får den karakteristiske Hokksteinen på høgre hand.

Tilkomst og parkering

Ytre Flø i bygda Flø i Ulstein. Frå Ulsteinvik køyrer du fylkesveg 25 mot Flø heilt til endes, knapt 10 km. 5-6 parkeringsplassar der grusvegen startar - ved enden av fylkesveg 25. Det er ikkje avmerka parkeringsplassar for bevegelseshemma, men sjølve turen er tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
Fottur
Grønn
Lengde
1,43 km en vei
Stigning
3 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
14 moh
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

På vekedagar går det rutebuss fem gonger dagleg til Ytre Flø. Rutetider finst på Frammr.no. (færre avgangar i skuleferie)

Anna

Ein kan velje å gå same vegen tilbake, eller gå ein lengre tur i stadig meir ulendt terreng. Om ein held fram 500 meter etter porten, kan ein gå opp Ytreflødalen og den meir krevjande turen til Skolma (635 m.o.h.).

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre
Køyreskildring
Print ut