English

Flø - Skolma - Mosvarden - Ulsteinvik

Hareid / Ulstein

Kort om turen

Dette er ein av mange flotte "langturar" ein kan gå på Hareidlandet. Turen startar på Flø og går opp til Skolma. Eit flott turmål i seg sjølv. Frå Skolma er det fint å vandre vidare på dei neste toppane og tilbake til Ulsteinvik. Det er god sti og flott utsyn!

Ruteskildring

Start der vegen endar på Ytreflø. Gå på grus-/traktorveg i om lag 2 km før stien går oppover Ytreflødalen. Det er tydeleg sti, så vegen er lett å finne. Når du kryssar ei elv, følger du stikker over eit litt myrlendt område slik at du kjem ut på fjellkanten og følger stien vidare her. Stien er stort sett tydeleg og utsikta er fantastisk heile vegen til toppen av Skolma. Frå Skolma går ruta vidare til Signalhornet der det er ein flott varde. Det er sti og merkepinnar som du kan følge. Ruta går vidare mot Sneldelida. Det er verdt å ta turen ut til varden og det kan vere fint å ta ein rast her. Ruta går vidare over Tørlingehaugane og til Mosvarden. Frå Mosvarden følger du sti som går svakt til venstre til Vikeskaret og Bugarden. Stien er tidvis litt svak og våt. Frå Bugarden går du på gangvegar/veg ned til ungdomsskulen via byggefeltet. 
Frå Mosvarden kan du også velge å følge sti ned til Litlevatnet og ta turvegen ned til Ulsteinvik.

Tilkomst og parkering

Frå Ulsteinvik køyrer du FV25 mot Flø heilt til endes, knapt 10 km. Parkering der vegen endar.
Fottur
Rød
Lengde
19,20 km en vei
Stigning
615 m
Tidsbruk
8 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
626 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Grus 2.2
Sti 19

Offentleg transport

Buss til Flø frammr.no

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut