English

Bjørlykkjehornet Rute 2

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein tur med flott utsikt til hav og fjord. Delar av ruta går langs ein gamal steingard som vart bygd for å hindre at kyrne skulle gå seg utfor stupa. Når du kjem til toppen kan du gå same vegen tilbake. Eller du kan gå vidare på rute 21 ,14 og 1. Då kjem du også attende til parkeringsplassen.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplassen ovanfor Børevatnet. Ruta er merka med blå stikker, og blå flekker på steinar. Fyrste 2/3 delar av turen er i flatt eller småkupert terreng. Siste delen av turen er brattare, og eit stykke før toppen er det god utsikt nedover. Fyl stien i sikk-sakk oppover denne bratta.

Tilkomst og parkering

Ta av frå Fv 2 i Sørbrandal ved kvitt murhus (skilt på hagegjerdet) Kjem du frå Koparnes er det ca.300m etter kraftstasjonen. Kjem du frå Åram er det rett etter at du passerer den gamle butikken og posten. Køyr framover dalen 700m. Derifrå er det 4 km bomveg til parkeringsplassen. Pris 40 kr. Parkeringsplass ved starten av ruta.

Fottur
Blå
Lengde
3,9 km en vei
Stigning
376 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
693 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7,8

Kart

Turkart for Vanylven. Kan kjøpast i butikkar i Vanylven.
Køyreskildring
Print ut