Aurenakken er ein lett tilgjengeleg tur med eit flott utsiktspunkt. Passar fint både som trimtur og som familietur. Ved turkassa er det ein fin samlingsplass. Om du går 50 meter vidare etter råsa kjem du ned på eit flott utkikkspunkt. Nyt det!
Turen startar ved parkeringsplassen i Vikedalen. Følg vegen rundt svingen og ta deretter av merka rås til høgre. Jamn stigning oppover dalen. Du kjem etter ei stund inn på ein anna rås - følg den til høgre mot Aurenakken. Jamn stigning i god rås som etterkvart dreiar mot venstre.Det kan vere vått på enkelte parti. Oppe på Aurenakken er det flott utsikt. Turkassa finn du ved fin samlingsplass med grue og benk. Om du følger stien vidare nedover ca.50 meter kjem du til eit flott utsiktspunkt. Det er berre å nyte utsikta!
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 2,5 |