English

Strengen frå Vang

Surnadal

Kort om turen

Toppen av Strengen ligg 890 meter over havet og kan nåast frå fleire grender i Surnadal. Vi beskriv her turen med utgangspunkt i Vang. Den første delen av turen går i skogsterreng etter skogsveg og sti. Over skoggrensa opnar landskapet seg og du får utsyn både over fjord og fjellheim. Frå toppen er utsikten flott i alle himmelretningar.

Ruteskildring

Køyr til Kvanne og ta av på øversida av vegen opp mot Vang skiarena. Sidevegen er skilta og lett å finne. Oppe ved skisenteret er det ein parkeringsplass på øversida av vegen. Ved parkeringsplassen er eit skilt som viser «Strengen» godt synleg frå vegen. Frå parkeringsplassen er det mest umuleg å gå feil. Traseen er merka og skilta.

Tilkomst og parkering

På parkeringsplass på øversida av vegen ved Vang skiarena.
Fottur
Blå
Stigning
706 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Høyeste punkt
872 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,9

Offentleg transport

Nei. Privat skyss.

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut